Personar, organisasjonar, foreningar, lag og institusjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Bokn kommune kan etter søknad få stønad frå kommunen.
I tillegg til driftstilskotet kan det ytast stønad til spesielle tiltak (inntil kr 10 000). Dette gjeld større arrangement som kulturkveldar, konsertar og utstillingar, osv., eller større investeringar.
Fristen for å søka om kulturmidlar(driftstilskot og ev. støtte til eit spesielt tiltak) er 15. april. Tilskotet blir utbetalt innan midten av juni.
Aktivitetar for barn og unge, musikk og idrett med vekt på aktivitetsnivå, medlemstal og årlege utgifter blir prioriterte.
Desse kan ikkje motta stønad:
- Lag som driv på forretningsmessig basis
- Organisasjonar som ivaretar yrkesinteressene til medlemmene
- Politiske lag og aksjonar
Nye lag kan få inntil kr 2 000 i oppstartingsstønad. Dette gjeld ikkje nye undergrupper innafor eksisterande lag.
Vedlegg som alltid skal følga med søknaden:
1. Rekneskap for siste driftsår
2. Budsjett for søknadsåret
3. Medlemsliste pr. 31.12 siste år
Gjeldande retningslinjer for stønad til kulturarbeid