Bustadtenesta i Bokn kommune har ansvar for å leiga ut Bokn kommune sine bustader. Alle bustadene blir tildelte gjennom søknad til ei tildelingsgruppe som er breitt samansett.
Du må vera folkeregistrert i Bokn kommune for å kunna søka om kommunal bustad.
Kommunal bustad er eit tilbod til deg som er utan eigna bustad og som ikkje klarar å skaffa deg dette sjølv.
Ungdomsbustad
Kommunen arbeider for at det skal bli enklare for unge menneske å bu i eigen bustad. Me har fire ungdomsbustader som er tenkt leigd ut til ungdom mellom 18 og 35 år som er i etableringsfasen.
Kven kan leiga ungdomsbustad?
Du må vera mellom 18-35 år
Du må ha fast arbeid (må dokumenterast)
Du må kunne innbetale depositum tilsvarande 2 månadars husleige (vi kan ikkje godkjenne depositumgaranti)
Kommunale bustader
Kommunal bustad er meint som ei midlertidig løysing i ein vanskeleg livssituasjon. Leigetida er derfor i utgangspunktet berekna til maksimalt tre år.
Du skal ikkje leiga kommunal bustad viss:
- Du er i stand til å skaffa deg bustad på det private bustadmarkedet ved kjøp eller leige.
- Du kan skaffa deg eigen bustad ved hjelp av Husbanken sine låne- og tilskotsordningar.